Oppteljing av stemmene
Frå du legg stemmesetelen i urna til han blir ein del av valresultatet, skal han gjennom mange kontrollar for å sikre at valet er korrekt gjennomført og at valresultatet er korrekt.
Heile prosessen med kontroll av stemmesetlar følgjer ei viss løype med fleire kontrollinstansar.
Vallokalet stengjer og teljinga tek til
Den første teljinga av stemmesetlar skjer i alle vallokala så snart desse stengjast på valdagen. I kvart vallokale er det eit stemmestyre som har ansvaret. Stemmestyra er eit fast utval som skal vere sett saman av minst tre medlemer.
I vallokalet sjekkar stemmetyret først og fremst om innhaldet i urnene er riktig. Dette gjer dei ved å:
- Sikre at kvar veljar berre får éi godkjend stemme ved å kontrollere at talet på setlar i urna er det same som talet som har blitt kryssa av i manntalet. Ved kommunestyre- og fylkestingsval vil det i dei fleste krinsar vere avvik, ettersom det er to ulike val, men berre eitt kryss i manntalet per veljar. Ein del veljarar røyster berre ved det eine av dei to vala.
- Fordele stemmesetlar mellom ordinære stemmeesetlar og tvilsame stemmesetlar som skal gjennom ei ekstra behandling på eit seinare tidspunkt
Om stemmestyret finn avvik mellom talet på gjevne stemmer og kryss i manntalet, må dei finne ei forklaring på dette. Om dette ikkje er mogleg, må dei gjennomføre ei ny teljing.
I mange kommunar skjer også den førebelse teljinga der stemmesetlane fordelast på parti ute i vallokala. Les meir om dette nedanfor.
Teljinga av innhaldet i urna i vallokalet og resultatet av eventuell førebels teljing førast inn i ei møtebok av stemmestyret. Når stemmetyret finn at alt er i orden, skal dei godkjenne og signere møteboka. Alt av valmateriell, både stemmesetlar, stemmegjevingar som er mottekne i konvolutt og møteboka transporterast så til den staden i kommunen der det er bestemt at vidare oppteljing skal skje.
Førebels oppteljing
Det er valstyret som har ansvaret for å førebu og gjennomføre valet på kommunalt nivå, dette vil også seie ansvaret for den førebelse og endelege teljinga. I nokre kommunar skjer som nemnt den førebelse teljinga ute i vallokala, medan andre kommunar gjer begge teljingar sentralt i kommunen.
Det første valstyret gjer når dei får inn materiell frå eit vallokale, er å kontrollere at alt er motteke, og kontrollere møteboka til stemmestyret. Eventuelle avvik må undersøkast og forklarast før valstyret kan starte på den førebelse oppteljinga av stemmesetlane. I den førebelse oppteljinga gjer valstyret to ting:
- Gjer oppteljing av urneinnhaldet, og samanliknar dette med stemmestyret si teljing av urneinnhaldet
- Om førebels teljing gjerast sentralt fordeler valstyret stemmesetlane mellom partia som deltek i valet, og tel kor mange stemmer kvart enkelt parti har fått, samt talet på blanke stemmesetlar. Tvilsame stemmesetlar som skal gjennom ei ekstra behandling på eit seinare tidspunkt, skiljast ut.
Alle kommunar gjer den førebelse teljinga manuelt, det vil seie for hand og utan bruk av maskiner.
Resultatet av den førebelse oppteljinga førast inn i møteboka til valstyret. Om det er avvik, må dette registrerast. Om avviket ikkje kan forklarast, må det teljast på nytt. Valstyret skal godkjenne resultatet om det ikkje ligg føre avvik, eller om det ligg føre avvik som kan forklarast. Den førebelse oppteljinga avsluttast når resultatet er godkjent. Då kan den endelege oppteljinga starte.
Endeleg oppteljing
I den endelege oppteljinga teljast alle setlar på nytt. Talet på stemmesetlar i den førebelse oppteljinga samanliknast med talet på stemmesetlar i den endelege oppteljinga. I tillegg er det i den endelege oppteljinga to andre element som gjennomførast:
- Dei tvilsame stemmesetlane som i urneteljinga og den førebelse teljinga vart haldne utanfor teljing, blir vurderte opp mot lovverket
- Eventuelle rettingar som veljarane har gjort på stemmesetlane blir registrerte og blir ein del av grunnlaget for mandatfordeling og kandidatkåring som skjer i valoppgjeret.
Den endelege teljinga gjerast enten manuelt eller maskinelt ved hjelp av skannarar. I den endelege teljinga registrerast rettingar på stemmesetlane. Brukar ein skannar, går oppteljinga raskare. Skannaren gjer den same jobben som eit menneske ville gjort i sorteringa av setlane ved å fordele desse på parti, eller som blanke og tvilsame setlar. Registrering av rettingar på stemmesetlane gjerast også maskinelt.
Som i dei andre oppteljingane fører avvik mellom førebels oppteljing og endeleg oppteljing til at stemmene må teljast på nytt om ein ikkje kan forklare avviket. Den endelege teljinga må så godkjennast, og møteboka til valstyret må signerast.
Kommunen gjennomfører både urneteljing, førebels og endeleg teljing for både kommunestyreval og fylkestingsval.
Valoppgjer
Det siste kommunen gjer er å ta valoppgjer for kommunestyrevalet. Det er valoppgjeret som avgjer kva parti som har fått størst oppslutning og kva kandidatar som har blitt valde til eit nytt kommunestyre. Under valoppgjeret går valstyret gjennom møteboka for å kontrollere og godkjenne alle tidlegare innføringar, det vil mellom anna seie:
- oppteljinga ute i vallokala
- den førebelse oppteljinga,
- den endelege oppteljinga,
- behandle stemmesetlar som er føreslege forkasta
- mandatfordeling (berre ved kommunestyreval)
- kandidatkåring (berre ved kommunestyreval)
Om møteboka med dei føreslegne forkastingane ikkje blir godkjend, må resultatet korrigerast før det takast valoppgjer. Når valstyret er sikre på at møteboka er korrekt, signerer dei denne. For kommunestyrevalet er no resultatet klart.
Les meir om korleis valoppgjeret blir gjennomført ved kommunestyreval.
For fylkestingsvalet sender kommunen møtebok og alt valmateriell vidare til fylkesvalstyret slik at dei kan gjennomføre kontrollteljinga si og ta valoppgjer for fylkestingsvalet.
Les meir om korleis valoppgjeret blir gjennomført ved fylkestingsval.
Fylkesvalstyret si kontrollteljing
Fylkesvalstyret har ansvaret for å kontrollere oversende forkastingar, kontrolltelje alle stemmesetlar og kontrollere møtebøkene som alle kommunane i fylkeskommunen har levert i samband med fylkestingsvalet. Om det blir oppdaga feil, rettar fylkesvalstyret desse. Samstundes skal fylkesvalstyret registrere rettingar på stemmesetlane og ta valoppgjeret. På same måte som valstyra i kommunane tidlegare har gjort det, må fylkesvalstyret til slutt godkjenne og signere møteboka til fylkesvalstyret.
Fylkesvalstyret mottek alt valmateriell og valstyret si møtebok etter at endeleg teljing er gjennomført av kommunane. Mottaket må godkjennast av fylkesvalstyret. Eventuelle avvik må undersøkast og forklarast før ein kan starte på kontrollteljinga.
Fylkesvalstyret kontrolltel ved å
- telje alle stemmesetlar på nytt, fordele desse på parti og vurdere blanke og tvilsame setlar opp mot lovverket,
- sortere stemmesetlane mellom retta og uretta setlar, og registrere rettingar på fylkestingsvalsetlane, og
- samanlikne resultatet sitt med resultatet i valstyret si møtebok
Om teljeresultatet kan godkjennast, gjerast dette. Eventuelle feil eller avvik må protokollerast i møteboka til fylkesvalstyret.
Godkjenning av valet
Ved kommunestyre- og fylkestingsval er det respektive kommunane og fylkeskommunane som står for vurderinga av kor vidt valet er gyldig eller ikkje. I det første konstituerande møtet tek kommunestyret og fylkestinget stilling til om valet er gyldig. Møtebøkene frå valstyret og fylkesvalstyret er grunnlaget for innstillinga frå valstyret og fylkesvalstyre, og såleis vedtaket frå kommunestyret og fylkestinget. Valet skal kjennast ugyldig dersom det er gjort feil som har noko å seie for mandatfordelinga mellom listene, og som det ikkje er mogleg å rette på andre måtar enn ved å halde omval.