Slik fungerer manntalet
Manntalet sikrar at berre dei som har røysterett får røyste, og at ingen får røyste meir enn éin gong.
I Noreg er manntalet som blir brukt ved val, elektronisk. Kommunane kan difor krysse veljarar i manntalet direkte i valsystemet EVA gjennom å søkje opp veljaren eller ved å skanne valkortet til veljaren.
Sikringstiltak
Det elektroniske manntalet er sikra på lik linje med resten av EVA. Dette inneber blant anna tilgangsstyring med sertifikat og pålogging via id-porten, redundante system, fleire typar back-up, brannmurar og oppdeling av nettverk.
Rutinar dersom det elektroniske manntalet er utilgjengeleg
Kommunane har manuelle rutinar for å handtere valgjennomføringa dersom det elektroniske manntalet skulle bli utilgjengeleg, til dømes dersom internettilgangen eller straum fell bort.
I slike tilfelle har kommunane beredskapskonvoluttar for røystesetlane, som blir kryssjekka mot manntalet så snart det elektroniske manntalet er tilgjengeleg att. Kommunane har fått grundig opplæring i handtering av beredskapstilfelle og har tilgang til brukarstøtte frå Valdirektoratet. Valgjennomføringa går difor som planlagt om dette skulle oppstå.
Synleg i møtebøkene
Dersom det dukkar opp veljarar som alt er kryssa av i manntalet, får desse likevel levert røysta si. Desse røystegjevingane blir då lagde til side og blir handterte av røystestyret i valoppgjeret.